Skap noko ekstraordinært

Med over 200 nye funksjonar og forbetringar.

Det mest foretrukke publiseringsverktøyet med open kjeldekode har nettopp blitt endå betre. Drupal 8 er den nye standarden for å utvikla imponerande digitale opplevingar—for småbedrifter, verdsomspennande selskap, og alt midt i mellom.

Last ned Drupal 8Prøv ein demo

Drupal.org is generously sponsored by companies like:

Verktøy for system

Møt Drupal 8, ei ny samling av kraftfulle verktøy, og det viktigaste leddet i ditt nye system for publisering av innhald. Kommuniser med tallause applikasjonar og nettløysingar takka vera innebygde REST-først webtenester. Bruk progressive decoupling for å bryta fri fra restriksjonar i programvara, utan å måtta gå på kompromiss med sikkerheit eller tilgjengelegheit. Oppnå raskare yting ved hjelp av forbetra mellomlagring av entitetar (entity caching), og betre løysingar for CDN (content delivery network) og omvendt mellomtenarar (reverse proxies). Med Drupal 8 kan du laga nesten kva som helst løysing du kan førestilla deg.

Les meir

Enkelt for redaksjonen

Gjer om gode idear til gode opplevingar. Forlat skrivebordet og skap overbevisande innhald. Arbeid meir effektivt med betre førehandsvisingar og dra-og-slepp bildeopplasting. Ved behov for lynrask innhaldsredigering kan du nytta direkteredigering av innhald med ikkje meir enn dei verktøya du har behov for.

Kraftig for administratorar

Det er enklare enn nokon gong før å tilpassa ulike komponentar—visingar, lister, blokker, administrasjonsverktøy og meir. Kontroller korleis dine data blir vist utan å skriva ei einaste linje med kode. Strukturer innhald med fleire felttypar, og legg til søkemotorvennleg (SEO) kontekst med innebygde Schema.org-etikettar.

Tilgjengeleg for alle

Drupal 8 kjem med utstrakt støtte for universell utforming, og ikkje berre i forhold til fargekontrastar og fontstørrelsar. Semantisk HTML5 hjelper deg med å laga interaksjonar—til og med dynamisk innhald, som er meir tilgjengeleg. I tillegg nyttar nå Drupal seg av endå fleire WAI-ARIA-standarder. Du kan gjera din innhaldsstruktur enklare å forstå for folk med funksjonshemmingar.

Harmonisk distribuering

Finjuster din administrasjon av oppsett med eit heilt nytt system. Nå er det mykje lettare å flytta oppsettsendringar mellom miljø. Det tyder at betre lanseringar og meir sofistikert vedlikehald er rett ved dine fingertuppar. Gjer utvikling med nøyaktig kontroll over integriteten til visingar, innhaldstypar, brukarroller og meir. Lagre oppsettsdata konsekvent på ein sentral stad. Moglegheita til å utføra alt dette er nå standard Drupal-funksjonalitet.

Les meir

Språk for alle

Velg mellom hundre språk som det første steget av installasjonen. Omsett kva komponent som helst av programvara—taksonomi, kommentarar, oppsett, bildestilar, og meir. Gled deg over betre attkjenning av nettlesarspråk, enklare høgre-til-venstre stilsetting, og innebygd støtte for transliterasjon. Du kan oppretta unike, tilpassa lokaliseringar. Og du kan bruka dei for å skapa eineståande internasjonaliserte opplevingar.

Les meir

Proudly found elsewhere

Maksimer Drupals fleksibilitet med objektorientert kode og dei siste PHP-standardane. Nokre av dei mest anerkjende teknologiane er nå ein del av Drupal 8. Han tar i bruk eit titals av eksterne bibliotek—som Composer, Guzzle, og Symfony2—så du kan skriva og feilsøka koden raskare med større sjølvtillit. Gløym PHPTemplate; støtt deg på mykje meir lesbar kode når du lagar utsjåandemal med Twig. Og bruk enklare, meir einskapelege API-ar for å styrka dine modular og utsjåandemalar ytterlegare.

Les meir

Bygg noko ekstraordinært: Last ned Drupal 8

Prøvekjør Drupal: Prøv ein demo

Drupal 8—Bygd av